fredag 28. juni 2019

Tekoppen




Nokre gonger kjem det til meg ein tanke om noko eg har lyst å fundere over på bloggen.
Kor det blir av når eg først set meg ned aner eg ikkje, men vekk er det. 

Eg har iallefall funne ut av ei litt cheesy greie i det siste,
eg ser på meg sjølv med mildare auge.

Det eg ønsker for alle dei rundt meg har eg byrja å ønske for meg sjølv også.
Veldig fint egentlig. Eg anbefala å prøve.

Du fortjener det så veldig!

fredag 14. juni 2019

Plommeblome



“He not busy being born is busy dying.”

- Bob Dylan

søndag 9. juni 2019

In Lak'ech



I am another yourself.

tirsdag 28. mai 2019

Perspektiv


Eg er fryktelig nysgjerrig
på ditt perspektiv.

Korleis ser verda ut gjennom dine auge ?

.

I samtalar prøver eg gi rom
til det som er viktig for deg.

Men nokre gonger tek eg for stor plass.

.

Då kjenner eg på skam
over å ikkje være nok til stades,
over å ikkje gi nok,
over å invadere med mitt.

.

Ditt er likeverdig med mitt.

Eg ser deg.

søndag 31. mars 2019

Ei mjuk stille


I rommet mellom 
innpust

utpust
er det ei mjuk stille.


tirsdag 12. mars 2019

Utilstrekkeleg


Å erkjenne at ein ikkje strekker til,
og likevel velge å tru at ein er god nok.

Det er ei vanskelig øving.

tirsdag 26. februar 2019

Dæven døtte


To innlegg på ein månad, woop woop.

Blomen er ein av fleire nydelige ranunklar som eg fekk til morsdagen.
No er eg mor til ein på snart atten (18!) og ein på tjue (20!)
Vanskelig å ta innover seg når ein er så ung som meg. Fnis. 
(førtito er vel ingen alder).

.

Våren dreg i meg no. 

Å sitte i fjæra i slutten av februar og kjenne sola varme,
det er ganske fint.