fredag 3. januar 2014

Nyttårsintensjon




Ei på jobb spurte meg om eg hadde nokre nyttårsforsett.
- Nææh, jooo… at eg skal bli meir glad i meg sjølv, svara eg.
(Eg sa det høgt, whoop, whoop.)

Egentlig opplever eg det meir som ein nyttårsintensjon. 
Liker ikkje så godt ordet forsett. 
Det liksom litt hardt og lite dynamisk. Eit forsett pisker meg.
Ein intensjon kjem frå hjarte og er mjuk, 
empatisk og omgjengelig. Den vil meg vel. 

Første fjorten dagane av januar er jobb, jobb, jobb.
Det blir lite ork og tid til å kjenne etter. 
Det handler om å rekke frister, om å komme i mål.
Eg gleder meg til desse dagane er omme, til siste skjema er sendt inn.

Då skal eg og kamera(ten) ut på tur,
det er mi gulrot no.
Kjenner det kribler i hjertet berre av å tenke på det.
Gleder meg!




1 kommentar: