fredag 14. mars 2014

Touchmetoden






Sølv metallic, firkantar i grått.
Avrunda hjørner, tommelen på space.
asdf jklø

Eg kan male heile verda med dette tastaturet.
Ja, sjå det for deg. Heile planeten som ein rosa ballong.
Med ord og evne til å sjå for oss det vi les 
så har vi i oss heile universet.

Når eg gjekk på vidaregåande fekk eg lære touchmetoden.
Anbefalast. Deilig å skrive fritt uten å måtte sjå ned på fingrane.
Eg kan skrive og slette og skrive og slette
- uten å knote og irritere meg over å ikkje finne dei rette bokstavane.
Blir kanskje litt som å snakke rett frå levra,
men med mulighet til å trekke litt av det tilbake undervegs.



2 kommentarer:

  1. <3

    Du får en pris fra meg.
    For dine bilder. Dine ord. Og dine inspirasjonstips.

    For dine gode kommentarer som har betydd masse.

    SvarSlett