lørdag 7. januar 2017

Ingen er perfekte. Vi skal ikkje være det.




Det sluttar aldri å forundre meg kor mykje barndommen vår 
har å seie for kven vi blir som vaksne. Ingenting betyr meir for kven vi utviklar oss til å bli, 
enn vårt forhold til dei viktige voksenpersonane i vår oppvekst.
Mange mangler sterke, trygge vaksne. 
Eg trur alle gjer sitt beste med utgangspunkt i sine forutsetningar. 
Det betyr likevel ikkje at ein skal velge å akseptere mønster som ein ikkje finner hensiktigsmessige for en sjølv. 
(Vi arver fleire egenskaper frå våre foreldre enn vi likar å innrømme.)

Å være glad i borna sine er ikkje det samme som om at ein har gitt borna gode og trygge rammer.
Eg veit at eg sjølv har praktisert til tider meiningslaus oppdragelse, 
der min eigen usikkerhet har resultert i mas om perfeksjon og krangling om uviktige detaljer. 
Eg prøver å snakke med gutane våre når eg ser uretten i det eg har gjort og eg seier unnskyld. 
Det meiner eg er viktig. 
Og eg heier på dei når dei står opp for seg sjølv og seier i frå. (iallefall som oftast.)

Ingen er perfekte. Vi skal ikkje være det.
Vi skal gjere vårt beste og prøve å lære av dei feilene vi gjer.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar